Dagen då det heile toppa seg.




 

Det er lenge sidan sist eg skreiv eit blogginnlegg. Eg tenkte eg skulle halde meg til lokalpolitikk og valkampen 2011 i innlegga mine, men i det siste har eg vore så engasjert i andre ting at det måtte ned på "papiret"

Det heile starta for nokre veker sidan då vi alle haure om mangelen på meierismør i norske butikkar. Så fortsatte dette med ein enda større mangel, og få teikn på ei snarleg løysing. Etter kvart trappa media opp denne saka og det vart no ei "smørkrise" 
Eg kjem ikkje til å leite fram lenker til dei store norske avisene, det heile er berre for deprimerande. Kvar einaste dag den siste tida har eg vorte fòra med den same infoen oppatt og oppatt om denne "krisa"

Når den største saka i norsk media er at vi har mangel på ein type smør, så burde det vere eit teikn på umåteleg velstand. Vi burde riste på hovudet og flire av vår eigen rikdom og kvalmande dekandente livsstil.

Kva skjer så elles i den vide verda? Har dei meierismør, eller kanskje dei har andre "kriser" som mangel på fyrstikker, binders eller liknande?

Ifølge Verdens matvareprogram går 925.000.000 menneske svoltne til ei kvar tid. Dette gjer at immunsystemet vert svekka, og i fattige land med minimalt helsetilbod er det vi her i Noreg ser på som "daglegdagse sjukdomar" potensielt dødlige for omlag ein sjettedel av verdas befolkning.

WHO uttalte i september i år at 3.300.000 nyfødde døyr kvart år. Det tilsvarar 9041 barn dagleg, 377 barn i timen, 6 barn i timen som døyr av mellom anna elementære ting som mangel på brystmelk, kulde og hygiene. 8.100.000 barn døyr før fylte fem år.
Eg finn andre tal om same tema, dei tala er større enn dei eg viser. 98 land i verda har ei negativ utvikling på barnedødligheit. 

Ifølge FN døyr 500.000 kvinner under fødsel årlig. 99% av desse i utviklingsland. 1370 per dag, 57 kvar einaste time. 

Er det meierismøret fortsatt like viktig? Må eg legge til at 5000 mennesker døyr av tuberkolose kvar einaste dag? (Atlas-alliansen) Eg finn ikkje info frå Folkehelseinstituttet på om vi har nokon årlege dødsfall i landet som følge av tuberkolose.

Det skulle ikkje vere naudsynt å levere denne informasjonen til nokon nordmenn for at kvar enkelt ser galskapen og anerkjenner at våre "kriser" er i global samanheng fullstendig meiningslause.

Men kva skjer når eg trur dette mediamarerittet har toppa seg? 

Jau, vi får bistand frå Danmark: http://www.vg.no/nyheter/utenriks/artikkel.php?artid=10040503

Ein dansk kjøpmann kjem til landet med 4000 pakkar smør som han skal dele ut til kriseramma nordmenn midt i julestria. Når det såg ut til at vi måtte doble mengda sjokolade som eit substitutt for all den feite baksten vi kunne gå glipp av i jula, kjem ein dansk julenisse og gjer at vi får beholde vår livsstil utan å måtte gjere minimale tilpasningar.

Eg kan med handa på hjartet seie at eg har aldri i mitt liv vore så flau over å vere nordmann. Du las tala eg skreiv lenger oppe, korleis føles det då å ta imot bistand?
Kan det vere at eg har gått glipp av at det står "meierismør" i botnen av Maslows behovspyramide? Heilt på botnen under fysiske behov og sikkerheit?

Eg er ikkje personleg kristen, men eg bor i eit land som etterlev, og er tufta på, kristne verdiar. Eg har tidlegare hatt eit visst håp om at kristendomen viser seg å vere sann, i den tru at eg har levt eit liv verdig ein plass i himmelriket. No når eg ser kva slags samfunn eg er ein del av håpar eg at der ikkje er nokon gud. Den dommen Han hadde kasta over oss hadde ikkje vore nådig. 

Sjølv om vi kanskje slepp unna denne dommen håpar eg framtidige generasjonar dømmer oss, det har vi fortent. 

 

Kven skal ut?

Lesarinnlegg i Vikebladet 10.09.11 

 

Det er populært frå fleire hald å spele på ineffektivitet og eit tunggrodd byråkrati i ein kommunevalkamp. Gjennom lengre tid har det vore snakk om at vi må kutte i administrasjon, det er for mange i administrasjonen, og så vidare.

Dette kjem frå høgresida i norsk politikk titt og ofte, det er lite som er så upopulært som for mykje byråkrati. Det er så lite populært at du kan spele politisk mynt på å hevde at vi har det slik i Hareid kommune.

 

Desse haldninga har mange innbyggarar adoptert, og fleire er no av den oppfatning at vi har ei masse "daukjøt" som hevar kommuneløn utan å gjere jobben først. Så enkelt er det ikkje.

 

For det første kan ein ikkje samanlikne ei gjennomsnittleg privat bedrift med ein kommune. Private bedrifter har ikkje like mange lovpålagde oppgåver med spesifikke kompetansekrav knytt til desse. Bedrifter har sjeldan så mange og kompliserte tenesteoppgåver som det ein kommune har.

 

Eg har sett parti og politikarar publisere tal på antal personar som utgjer administrasjonen i Hareid. Det som desse tala ikkje viser er kor mykje av oppgåvene til kvar enkelt er administrative. For eksempel kan ein regne ein barnehagestyrar som ein del av administrasjonen, men den vesle administrative delen av arbeidet vert ikkje nemnt.

For få dagar sidan publiserte Sunnmørsposten ei brukarundersøkjing på servicenivået i dei norske kommunane. Hareid kom noko under snittet, både for fylke og land. For omlag to år sidan viste Kostra-tal at Hareid kommune hadde ein produksjonsindeks på over 105. Som kan tolkast som at den gjennomsnittlege kommunetilsette yter 105%.

Seier desse tala deg at vi har for mange tilsette i kommunen?

 

Grunnen til at det ikkje har kome fram i media kven som skal "skjerast bort", eller kven som skal "utstrukturerast" frå administrasjonen, er fordi du kan ikkje kutte i administrasjonen uten å kutte direkte i tilbodet til innbyggarane. Men denne populære haldninga fortsett blant enkelte politikarar.

 

Eg og Hareid Arbeidarparti har tenkt å arbeide for å heve servicenivået i kommunen og sørge for at Hareid kommune tek godt vare på sine tilsette og vert ein meir attraktiv arbeidsgjevar. Vi vil samarbeide med administrasjonen for å få heile organisasjonen "straumlineforma" og sørge for eit høgt nivå av effektivitet i alle ledd.

Å kutte vekk nokon for at dei andre skal jobbe hardare er ikkje ein arbeidsgivarpolitikk vi kjem til å føre.

Klart ein kan ta bort ein rektor , ein barnehagestyrar og ein områdeleiar og spare kanskje nokre hundretusenar samtidig som vi kuttar i administrasjonen. Men kva får vi då? Enda fleire tilsette som må fylle fleire oppgåver enn sine eigne, og innbyggarar som ikkje får tenestene dei har krav på.

 

Når du står i kø i kassa på butikken og har ei lang rekke som ventar på å verte ekspedert av personen som sit åleine i kassa er det eit klart teikn på at det er ikkje nok personar på jobb, eller nok personar tilsett. I ein kommunal samanheng vert treige eller manglande tenester ofte knytt opp mot ineffektivitet og tunggrodd byråkrati framfor mangel på dei som skal utføre oppgåvene.

 

Hareid Arbeidarparti har ikkje tenkt å fjerne deg som er kommunalt tilsett. Vi vil at du skal kunne gjennomføre dine arbeidsoppgåver på ein enkel måte i ein velfungerande organisasjon. Dette har vi ikkje tenkt å gjere gjennom nedskjeringar i stab, men gjennom det å arbeide for at du har dei systemer og program som gjer at du får mest, og best, tenester ut frå ditt arbeid.

 

Stemmer du Hareid Arbeidarparti på valdagen slepp du at det store "lykkehjulet" vert snurra rundt, som til slutt stoppar på einkvan i administrasjonen som må ut. Då stemmer du på eit parti med fokus på effektivitet i organisasjonen og ein fornuftig arbeidsgjevarpolitikk.

 

Vi kjem ikkje til å pålegge dei tilsette i Hareid kommune ekstra oppgåver eller ansvar gjennom tilfeldige kutt i tilsette, desse utfordringane har vi tenkt å løyse på eiga hand.

 

Godt val, og bruk stemmeretten din!

 

Hareid Arbeidarparti

Stian Runne Brandal

 

Kommuneval i Hareid

 

Lesarinnlegg i Vikebladet 10.09.11

 

Tida nærmar seg for å gi si stemme ved årets kommuneval, mandag er siste frist for det. Etter at eg har lese programma til alle partia i Hareid, så slår det meg kor like dei er i innhald. Alle vill med  nyansar arbeide for stort sett dei same sakene og bygda sitt beste. Med den stoda Hareid kommune er i no, er vel ein del av innhaldet i programma rein ynskjetenking.

 

 

Det handlar no om å ta tak i dei  tinga vi realistisk kan gjere noko med i den næraste tida. Alle er vel einige om at vi skal oppretthalde eit godt tilbod av barnehagar, ein god skule og ei verdig eldreomsorg. Det vi og burde vere einige om, er tilrettelegging for auka boligbygging og tilrettelegging for industri og næringsverksemd, så vi lenger fram i tida kan få realisert  dei gode ynskja.

 

 

Det er når vi kjem til finansieringa av disse tinga, pluss ein heil del andre viktige saker, at løysingane sprikar. Medan vi i AP har sagt oss villige til og å sjå på inntektsida, har dei to partia til høgre ropa ut eit bombastisk nei, til ein kvar diskusjon om dette, uansett form og innhald. Dei einaste som  veit innhaldet i dette, som ikkje har vore diskutert, er FRP. Her varierer summen frå kr. 6300 på ein tilsendt giro, til kr.16000 i eit avisinnlegg, for ein einebolig i året. Salige er dei klarsynte, kanskje får vi sjå ein eller annan her ifra i ?Åndenes makt? seinare i haust?

Det som då står at, er  å skjere ytterligare ned i dei ymse etatane, av erfaring så er det  dei svakaste og minst ressussterke som då får svi. Eg får håpe at ?å gå over lik? ikkje vert bokstavelig røyndom. Etter som eg har forstått, så har dei siste periodene i komunestyret bestått mykje av debattar om mulige nedskjeringar. Eg er einig i at det må sparast der ein kan, men ein eller annan stad går grensa for nedskjeringar, og grensa for om Hareid fortsatt er, og skal vere ei god kommune å bo i for alle.

 

Vi i AP meiner at ved både å spare, og å auke inntektene, kan vi få bort underskotet og etter kvart ha rom for investeringar som gagnar kommuna i framtida. Denne dugnaden treng ikkje vare evig, kan vi greie å kome ovanpå igjen, er det ikkje noko mål at den skal fortsette, heller tvert om. For oss i AP er det ikkje tvil om kva vi til ei kvar tid prioriterar høgast, det er det beste for fellesskapet og at alle, også dei svakaste skal vere med vidare. Ein høyrer ofte frå enkelte hald, at vi ikkje skal vere med å betale for tidlegare udugeligheit  ifra andre. Kva slags tøv er dette?

Eg er viss på at alle som har vore med å teke avgjerder tidlegare, har gjort det utifra ei overtyding om at det var det beste for bygda, kva meir kan ein krevje? Vi kan ikkje henge oss opp i tidlegare vedtak og avgjerder. Det einaste som gjeld, er at vi i dag tar dei rette grepa for vegen vidare. Så vil eg kome med eit ønske for tida etter valet, uansett kven som måtte vere såkalla vinnarar eller taparar. Meir dialog, slutt å ride kjepphestar og begrav tidlegare personlege feider. Berre i fellesskap, og i respekt for demokratiske avgjerder kan vi skape noko vidare. Med det siste meiner eg at vi må få sleppe endelause avisinlegg om saker som er lovleg vedteke. Det er det ingen som tener på.

 

Til slutt vil eg minne deg som skal velge på mandag, og det håper eg at flest mogleg skal gjere, at AP står for fellesskap og løysingar som gavnar heile Hareid kommune.

 

 

Godt val!

Modulf Røyset

 

Med fokus på kultur og idrett (Lesarinnlegg i 8/9-11)

Hareid Arbeidarparti har programfesta at vi vil støtte berande kulturinstitusjonar som til dømes Ishavsmuseet Aarvak, golfbana i Hovdemyrane, Hareidsstemna, Hjørungavågspelet med spelestad, utvikling av Kvitneset som kulturminne, samt stiftingane rundt Bygdetunet og Trudvang.

 

Kultur og idrett er viktige bidrag i alle velfungerande lokalmiljø. Spesielt i tider med innsparing og nedskjering vert det ofte fokusert på viktigheita av dette når ein plutselig ser at viktige kulturelle tilbod står for hogg.

 

Det å ha eit rikt tilbod innan kultur og idrett treng ikkje å vere direkte knytta til store utgiftspostar. Dei fleste tilboda vi har per idag er tufta på dugnadsånd og eldsjeler som legg mykje av sjela og fritida si i å bygge opp noko frå botnen av. Vi kan ikkje sløkkje desse eldsjelene, for til slutt kveiknar dei ikkje att. Vi må anerkjenne at vi er heldige dei gongane vi opplev at enkeltmennesker og små grupper tek tak og ønsker å bidra til lokalmiljøet. Vi må gi desse eit grunnlag dei kan bygge vidare på, og vere der gjennom heile prosessen og sørgje for at dei når sine mål.

Mål som heile kommunen vil dra nytte av.

Eksisterande organisasjonar som frivilligsentralen og folkebiblioteket må få best moglege arbeidsvilkår for å utføre dei oppgåvene dei tek på seg, og for å kunne vidareutvikle seg.

 

Planane om kulturhus er for lengst lagt på is, men både no, og i framtida treng vi arenaer der kultur og folk kan einast. Før den tid kjem då vi kan sjå i retning av eit nytt kulturhus vil vi i Hareid Arbeidarparti sørge for at alle krinsar har sine samlingsstadar der lokalbefolkninga kan møtast, og kultur kan utøvast.

 

Det å fjerne eller redusere enkelte tilbod innan kultur og idrett kan gi litt klingande mynt i kassa, men totalt sett taper vi på dette. For det kultur og idrett gir oss er eit utbytte ein ikkje kan måle i krone og øre.

 

Hareid Arbeidarparti

Siv-Marit Røyset Kaldhol

Stian Runne Brandal

Til ungdomen (Lesarinnlegg i Vikebladet 8/9-11)

No er det snart kommune- og fylkestingsval, og vi i Hareid Arbeidarparti har difor ei oppfordring til deg, du må nytte deg av røysteretten din! Kvifor? Dersom vi skal ha eit demokrati i dette landet, så kan ikkje halvparten av alle veljarane sitje heime på valdagen, 12.september. Du kan vere med å bestemme kva slags styre vi skal ha i kommunen vår!

 

Vi ynskjer at Hareid kommune skal vere ein god og attraktiv kommune å bu i, også i framtida. Vi vil i dette høve peike på kvifor Hareid Arbeidarparti er eit godt alternativ for deg. For å vere ei framtidskommune er det viktig at folk har ein stad å bu. Hareid Arbeidarparti vil leggje til rette for bustadutbygging; sentralt og i krinsane. Vi vil gjere Hareid attraktiv for nye og eksisterande verksemder for å motivere til vekst. Vidare vil vi arbeide for at Hareidlandet får eit ferjefritt vegsamband til Ålesundområdet.

Sidan det også er fylkestingsval er det viktig at du veit kva som skjer på fylkesnivå. Her vil Arbeiderpartiet mellom anna kjempe for at befolkninga i fylket skal få betre og tryggare vegar. Aldersgrensa på ungdomskortet skal aukast til 23 år. Den offentlege vidaregåande skulen skal ha høg kvalitet og lite fråfall. Utstyrsstipendet i den vidaregåande opplæringa skal aukast og at det vert etablert fleire læreplassar. Utvide ordninga med kulturrabatt for ungdom. Styrke tannhelsetenesta for heile befolkninga

 

No har du lese nokre av sakene i partiprogrammet til Arbeiderpartiet. Vil du lese meir, kan du finne oss på heimesidene våre, og på sosiale medier.

 

Vi veit at unge menneske er engasjerte og har klare meiningar. Nytt deg av røysteretten din!

 

Ser vi deg 12. september? Godt val!

 

Med venleg helsing, Vegard Moltu Nilsen, Linn Urke & Renate Liaset. Ungdomsrepresentantar i Hareid Arbeidarparti.




Ingen menneske skal på anbud i Hareid. (Lesarinnlegg i Vikebladet 6/9-11)

Tidlegare i sommar, i tida før terroråtaka, var det mange saker i media om enkeltpersonar som fekk si omsorg sett ut på anbud. Vi kunne lese i media om 4 år gamle multifunksjonshemma Carmen som vart lagt ut på anbud av Nittedal kommune. I følge kommunen er dette for å sikre best mogleg tilbod til brukar sjølv om foreldra meiner dette ikkje er til dattera sitt beste. Tilbudarar kom på visning for å sjå jenta og legge inn bod.

Den vesle jenta har det i følge foreldra særs godt på den behandlingsstaden ho er på no, noko ho viser gjennom utvikling og glede. Heldigvis for Carmen greip vara-ordføraren inn og hjalp familia.

 

Denne saka var ei vond påminning for mora til 17 år gamle Aurora som ikkje var så heldig. Aurora er hjerneskada og lam i nesten heile kroppen og særs pleietrengande. Ei stund etter at Aurora fekk eit dagtilbod og ein omsorgsbolig fekk mora beskjed om at døtra hennar skulle ut på anbod. Etter å ha vore på anbud fekk Aurora eit anna og mindre tilpassa dagtilbod.

 

I følge Tv2 er det hovudsakleg Høgre- og Frp-styrte kommunar som sett pleietrengande ut på anbud. Når Frps Kari Kjønaas Kjos hevdar dette er for å finne det beste tilbodet for born med spesielle behov, seier nestleiar i Barneombudet, Knut Haanes, at dette er eit klart brot på FN sin barnekonvensjon.

Byrådsleiarkandidat Libe Rieber-Mohn i Arbeiderpartiet seier dette er marknadsblindheit der ein har gløymt det einskilde menneske.

 

Hareid Arbeidarparti har programfesta eit klart nei til privatisering av eldreomsorga i kommunen. Vi har også fått inn i vårt program at vi skal sikre naudsynt bemanning i helse- og omsorgssektoren i Hareid kommune, og ikkje minst skal vi arbeide for ei langsiktig styrking av Hjellebakken Bufelleskap.

 

Hareid kommune er flinke på omsorg og vi skal bli enda bedre. Det viktigaste for Hareid Arbeidarparti er ikkje kva du kostar kommunen, men kor godt du har det. Og du skal ha det best mogleg.

 

Hareid Arbeidarparti

Stian Runne Brandal

Linn Urke

 

Appell for Delta



*Her er appellen eg heldt på Delta si samling på Herøy Gard/Herøy Kystmuseum laurdag 3/9-11
 

 

Mitt namn er Stian Runne Brandal. Eg er ein 28 år gamal brandøling som er på tredje året som leiar for Hareid Arbeidarparti.

 

Eg har fått tilliten frå eit samla parti om å vere deira ordførarkandidat til årets kommunestyrevalg. Ei oppgåve og utfordring eg har tatt på strak arm med ein brennande vilje.

 

Eg vil takke Margrethe for invitasjonen hit i dag og har lista opp nokre tema eg vil ta opp.

 

 

 

Kommuneøkonomi

 

Den viktigaste oppgåva slik eg ser det i neste valperiode i Hareid er å få kontroll over pengebruken og prioritere knallhardt.

 

Pengebruken på ikkje-lovpålagde tenester og investeringar må vurderast innskjerpast, noko som vil føre til upopulære avgjersler og kritiske røster.

 

For fleire av desse tenestene er kan ikkje kuttast vekk med lett hjarte.

 

Det kan vere snakk om skjebnen til enkeltpersonar som har behov for ekstra tiltak enten det gjeld arbeid og utdanning eller helse og omsorg.

 

Eit eksempel på ei slik teneste er dagtilbodet for psyikis sjuke. Då forstår dokke at det er ikkje berre å kutte, det er mykje som spelar inn og mange hensyn som må takast. Dette gjer at ein må vere sikker på at dei som ein stemmer inn i kommunestyret er dei riktige til å kunne gjere dei valga som er best for heile kommunen.

 

Noko som har ført til ekstra kostnadar i seinare tid er ei kraftig auke i behovet for spesialundervisning i grunnskulen i Hareid. Denne er vanskelig å kontrollere, og statlige løyvingar tek ikkje hensyn til slike uforutsette svingningar i behov.

 

Når ein elev kjem i den situasjon at han/ho har behov for spesialpedagogiske individuelle tiltak har den eleven ein lovfesta rett på det og vi må syte for naudsynte midlar til det.

 

Eg har tru på at ei styrking innan barnevernet og det sosiale tilbodet i Hareid vil vise att i behovet for spesialpedagogikk i framtida. Eg er opptatt av at vi tek ting ved rota og ikkje kjem med det eg kallar siste-ledds-tiltak som startar i feil ende.

 

Så håpar eg at dette valet ikkje kjem til å handle om ja eller nei til eigedomskatt. Nokre parti seier blankt nei til skatten fordi dei har sentrale retningslinjer. Hareid Arbeidarparti er ikkje for eigedomskatt, men slik situasjonen er per i dag ser vi ingen anna utveg enn å seie at vi vil vurdere å innføre eigedomskatt før kutt i dei mest sårbare tenestane vi leverer i kommunen. Så enkelt og ukomplisert er det.

 

 

 

Omsorg

 

Det er veldig viktig for Hareid Arbeidarparti å ikkje la innsparing, nedskjering og omstrukturering gå ut over kvaliteten på omsorgstilbodet i kommunen. Vi kan ikkje gamble med dei mest fundamentale oppgåvene våra.

 

Vi må ha fokus på kompetanseheving og rekruttering innan området for omsorg, paralellt må vi i heile organisasjonen ta eit skippertak for å snu negativt omdøme og negative haldningar og gjere Hareid kommune til ein attraktiv arbeidsgivar.

 

Vis Hareid skal realisere det enorme potensialet sitt må det starte på innsida. Vi må starte i kjerna på organisasjonen og arbeide oss utover. Dette er ei klassisk ordføraroppgåve, og noko av det første eg vil ta tak i.

 

Vi må styrke Hjellebakken bufellesskap på lang sikt. Sikre at også der er høg fagleg kompetanse og naudsynte fasilitetar til å kunne sikre bebuarane høgast mogleg livskvalitet. Kvifor? Fordi alle skal med i Hareid kommune.

 

 

 

Skule

 

Hareid har igjen utfordringar i område for skule. Vi har fortsatt fleire skular enn det vi får overføringar for, hovudsakleg grunna dei korte avstandane mellom krinsane.

 

Kort tid etter valet startar Hareid kommune på arbeidet med ein skulebruksplan som skal utgreie framtidig struktur.

 

Denne utgreiinga vil vere rettleiiande for Hareid Arbeidarparti, og kva struktur vi vil arbeide for i framtida.

 

Eg har lyst å vere sentral i arbeidet med å utgreie og arbeide fram ein skulestruktur som vil vere varig og forutsigbar slik at vi for framtida er ferdige med desse debattane kvart einaste år, og kan heller fokusere på utbyttet og kvaliteten i skulen framfor antalet.

 

Til slutt vil eg gjerne oppsummere kort kvifor du skal stemme på Hareid Arbeidarparti, og kvifor du skal stemme på meg som ordførar.

 

 

 

Eg har fem punkt med fem bokstavar, D-E-L-T-A

 

D - Drivkraft og drøymar - Eg har den drivkrafta som trengs for å realisere dei draumane eg har for Hareid kommune

 

 

 

E - Evne og energi - Vi evnar å ta kontroll over Hareid og styre skuta trygt i havn, og vi har energien som skal til for å halde ut den tid som trengs.

 

L - Langsiktigheit og lagspelarar - Vi har planar og visjonar for Hareid som strekk seg langt fram i tid. Eg har lagspelarar som gjer at eg kan realisere måla eg har sett meg.

 

T - Ta. Fordi eg skal ta ansvar, eg skal ta kontroll og eg skal ta alle utfordringar på strak arm.

 

A - Alle skal med i Hareid kommune.

 

 

 

Stian Runne Brandal

 

 

.

 


 

Omdøme og visjon.

Eg lurer på kvar visjonen til Hareid har teke vegen?

Kva vil Hareidspolitikarane med Hareid 30 år fram i tid? Uansett om det blir kommunesamanslåing eller ikkje, må politikarane ha ein plan med kva dei vil med Hareid, ein visjon, eit mål, langt fram i tid, for å strekkje seg etter. Og kva vil vi innbyggarane med Hareid? Då meiner eg heile Hareid, også alle krinsane. Og då kan ikkje krinsane ?krige? mot kvarandre.

 

Vi er eit felles samfunn, vi har valgt å bu her fordi det er godt å bu i Hareid kommune. Eg syns at vi skal snakke varmt om bygda vår?..

 

Om Hafast blir ein realitet, så trur eg ikkje at Hareid som bygd blir ?attom handa.? Vi er, frå før, ei lita bygd, mellom to byar, med ein stor del gjennomgangstrafikk som ikkje gjev umiddelbar vekst for bygda.

 

Politikarane må legge til rette for at næringsliv og folk vil etablere seg i bygda. No må det seiast at mykje har vorte gjordt, i så måte, siste åra, men ikkje nok når det gjeld tilrettelegging for næringslivet. Vi må syte for at dei bedriftene som allereie har etablert seg her, vil vere her framleis og ikkje flaggar ut av kommuna. Næringslivet er blant dei beste ambassadørane vår kommune kan ha, med bedrifter i kjendt over det meste av verden.

 

Kva så med dei turistane som kjem og vil oppleve natur og andre opplevelsar.

Kjem dei med ferja, frå Sulesund, so er der ikkje noko kjenneteikn/symbol på kva Hareid har tilby, verken historisk eller nåtid. Ikkje om dei kjem ned dalen heller, for den del. Ingenting som fortel noko om polarbygda Brandal, ingenting om krigsfornminna på Kvitneset, ingenting om verdens vakraste badestrand og vikingslaget i 986 på Overå. Ingenting som signaliserer at dette er kor-kommunen Hareid, m.m.. NB!! Og ikkje har vi oppstillingsplass for bobilturistane eller organisert campingplass for telt- og campingvognturistane heller.

 

 

Eg som listekandidat er oppteken av å få økonomien til kommuna på rett kjøl, som første prioritering, og styrking av kvaliteten i kjernetjenestene i kommuna, som barnehage, skule og omsorg. Vi treng å trygge oppveksten til ungane våre og alderdommen til våre eldre.

 

Og om eg ser fram i tid så ser eg for meg at Hareid skal bli ei endå meir attraktiv kommune for næringliv og for folk som vil busette seg her. Ei aktiv næringslivskommune med god vilkår. Eg ser for meg Hareid har blitt eit nedslagsfelt for mange nye grunderbedrifter.

Eg ser for meg Hareid som ei god bu-kommune med bustadfelt i alle krinsar.

Eg ser for meg Hareid som ein sterk kultur - og idrettsarena på mange nivå.

 

Vi som politikarar må no kunne tenkje litt meir langsiktig med strategier enn berre frå valgperiode til valgperiode. Vi må og tenkje meir langsiktig når det gjeld visjon og vere meir bevist om omdøme til Hareid.

 

Hareid Arbeidarparti
Endre-Johan Ose
6. kandidat 

 

Det kommunalpolitiske oppdraget

Det kommunalpolitiske oppdraget for Arbeidarpartiet er å møte innbyggjarane sine behov med sosialdemokratiske løysingar. Det å vere sosialdemokrat handlar lite om å vere populistisk å seie ja til alt som ein kan tenkje seg ? det handlar heller om å lytte til kva befolkninga i Hareid opplever som viktig i sin kvardag, og bruke det som grunnlag for ei heilskapleg løysing som sikrar kvalitet i fellestenestene i kommunen.

Difor meiner vi i Arbeidarpartiet Hareid:

  • at ein langsiktig skulebruksplan er viktig som grunnlag for vidare kvalitetssatsing i skulen ? der den faglege og ressursmessige sida blir vurdert.

  • at ein utstrakt bruk av kommunesamarbeid på dei fagområda der dette er tenleg bør nyttast, men at ei folkeavstemming skal ligge til grunn for ei ev kommunesamanslåing.

  • at eit fastlandssamband nordover er viktig for framtida ? for å sikre at behovet for arbeidskraft og kompetanse vert verande i heile regionen vår.

  • at innføring av eigedomsskatt må utgreiast og vurderast for å kunne oppretthalde gode tenester innan omsorg, helse, skule og barnehage ? slik at ein kan gå i møte alle livets fasar på ein verdig måte, og sikre at Hareid på den måten vert ei attraktiv og god kommune å bu i, og flytte til.

Vi står framfor eit kommuneval der DI stemme er viktig for korleis framtida i Hareid vert. Ynskjer du politikarar i kommunestyret som tenkjer langsiktig og vil ta grep om kommuneøkonomien, skal du stemme ARBEIDARPARTIET ved dette valet. Inneber dette, i yste konsekvens, at innbyggjarar i Hareid må yte meir til felleskassa for å få gjennomført dei lovpålagde oppgåvene, vil dette i god sosialdemokratisk ånd vere med å styrke fellesskapet si yteevne.

Gjer deg kjend med vårt valprogram og våre saker, og oppsøk oss gjerne på vår politiske stand i Hareid sentrum alle laurdagar no fram mot valet.

Bruk stemmeretten din 12.september, og stem på det partiet i Hareid du meiner vil sikre handlekraft og drivkraft i samfunnet vårt!

 

Siv-Marit Røyset Kaldhol

2.kandidat for Arbeidarpartiet Hareid

Dei mystiske millionar (lesarinnlegg i Vikebladet 30.08.11)

 førre veke fekk innbyggarane i kommunen eit eksempel på ei rekning på eigedomskatt i postkassa. Dette var eit stunt frå Frp som er motstandarar av skatten. Korleis andre parti stiller seg til eigedomskatt er eg likegyldig til, men i Hareid Arbeidarparti har vi i programmet at eigedomskatt kan vurderast som ein siste utveg før kutt i tilbodet i områda barnehage, skule og omsorg.

 

Frp meiner no at vi ikkje berre må innføre dette sikkerheitsnettet, men vi må ha full sats. Eit scenario mørkare enn mi verste frykt, og sikkert mange med meg. Eg spurte representantar på lista til Frp før helga kvar dei har tenkt å finne desse ekstra midla som dei meiner vi er nøydde til å hente inn via eigedomskatt, det fekk eg ikkje svar på. Eg fekk til svar om kvar partiet skal leite etter midlar, men det var dei same områda alle andre parti har nemnt tidlegare, ikkje noko nytt.

 

Ifølge reknestykket til Vikebladet frå slutten av juni vil ein sats på 2 promille eigedomskatt gi ei inntekt på omlag 6 millionar. 7 promille vil då gi omlag 21 millionar i inntekt. Frp signaliserer no at når leitinga er over treng Hareid ytterlegare 21 millionar i inntekter for å gå i balanse, utan å vise til kvar eige parti har tenkt å hente inn pengane.

 

Uansett om dette reknestykket hadde hatt ein stor feilmargin endrar det ikkje det faktum at Frp hevdar vi må ha ekstra midlar når leitinga er over, men dei som leitar på same plass klarer på eit eller anna vis å finne meir enn dei andre partia.

 

Ikkje berre finn Frp mange millionar meir enn andre i leitinga, dei finn også pengar til eit fleirbrukshus.

 

Stian Runne Brandal

Hareid Arbeidarparti

 

Les mer i arkivet » Desember 2011 » September 2011 » August 2011
hits